Spørsmål til kommunestyret 17. mars 2025
Har utleier og Bømlo kommune som leietaker samme oppfatning av definisjonen om kommunale leger med hensyn til leieavtalens tekst og intensjon?

Katla
Foto: Frode Aasheim
Spørsmål vart stilt til kommunestyret 17.03.2025 der me viser til Bømlo-Nytt 12. mars 2025 der kommunalsjef Mellesdal seier «Me har rekruttert inn to fast tilsette erfarne spesialistar som kjem frå Høyanger kommune, men som opprinneleg er frå Sverige. Det er eit ektepar med barn som har valgt å flytte til Bømlo for å ta til i fast stilling ved Øyane Helsehamn. Desse går inn som privatpraktiserande legar og startar den 01.04.25»
Spørsmål vedrørende leigeavtalen for Øyane Helsehamn:
Kan kommunedirektøren bekrefte at ved å plassere dei to privatpraktiserende legene på Øyane Helsehamn ikkje vil påverke husleiga?
Har utleier og Bømlo kommune som leietaker samme oppfatning av definisjonen om kommunale leger med hensyn til leieavtalens tekst og intensjon? Det bør også være klart for partene for hvilke tilfeller klausulen om økt leie vil bli brukt.
Bakgrunn:
Sak SI 19/24 Spørsmål til Levekår 03.09.24 frå Frode Aasheim vedk. innleigde legevikarar:
I «Forslag til leigeavtale – Nytt legesenter på Svortland» vedlagt til kommunestyret i juni 2023, står det i § 10.1 «Førebels plan er at legekontoret berre har kommunalt tilsette lega.» I §10.2: «Privat drift for ein eller fleire legeheimlar på legekontoret, kan ikkje bli sett bort frå i framtida. Som del av leigeavtalen vil det derfor fastsettast ein justeringsforplikting for utleigar der leige til privatpraktiserande lege kan aukast med 25% eller tilsvarande aktuell MVA-sats.»
Spørsmålet som vart stilt: Er innleigde legevikarer rekna som privatpraktiserande leger, eller kommunalt tilsett?
Svar frå administrasjonen: Når kommunen leiger inn vikarlegar gjennom firma for utleige, så driv ikkje desse privatpraksis. Dei driv for kommunen si rekning. Alle driftsutgifter vert betalt av kommunen (lønn til hjelpepersonell, husleige, mm). Alle inntekter går til kommunen ( basistilskot, eigendelar og refusjon Helfo) Vikarlegen blir enten løna av kommunen eller vi leiger vedkomande inn frå firma.
--
Svar:
Hellvik Eigedom AS og Bømlo Kommune har inngått ein avtale der kommunen leiger lokalar til bruk som legekontor. Kommunen leiger i alt 12 legekontor + fellesareala.
Det er kommunen som drifter legekontorene. Kommunen er ein Kompensasjonsberettiga verksemd, jfr lov om merverdiavgiftskompensasjon §1-2.
Avtalen med Hellvik la til grunn kommunal drift av alle legekontorene. På denne bakgrunnen har utleigar frivillig registrert seg meirverdiavgiftsmantallet for denne utleiga jfr meirverdiavgiftsloven § 23 .
Dette inneberer at husleiga til kommunen vert fakturert med meirverdiavgift. Kommunen får denne kompensert, jfr lov om meirverdiavgiftskompensasjon.
Kommunen har no i ettertid inngått avtale med 2 legar som ynskjer privat drift. Dette inneberer at desse legane betaler leige av lokalar og personell til kommunen.
Konsekvensen av dette vert at utleiger (Hellvik Eigedom AS) må fakturere arealet til 2 av 12 kontor utan meirverdiavgift. Dei 10 andre kontora + fellesområda kan fakturerast med meirverdiavgift.
Dette kan føre til at leiga for 2 kontor utan moms vert noko høgare enn for resten av arealet, men som nemnt betalar dei private legane denne leiga , ikkje kommunen.