Spørsmål til kommunestyret 17. mars 2025

Har utleier og Bømlo kommune som leietaker samme oppfatning av definisjonen om kommunale leger med hensyn til leieavtalens tekst og intensjon?

Publisert 31. mar. 2025 kl. 12:31
Oppdatert 31. mar. 2025 kl. 13:07

Spørsmål vart stilt til kommunestyret 17.03.2025 der me viser til Bømlo-Nytt 12. mars 2025 der kommunalsjef Mellesdal seier «Me har rekruttert inn to fast tilsette erfarne spesialistar som kjem frå Høyanger kommune, men som opprinneleg er frå Sverige. Det er eit ektepar med barn som har valgt å flytte til Bømlo for å ta til i fast stilling ved Øyane Helsehamn. Desse går inn som privatpraktiserande legar og startar den 01.04.25»

Spørsmål vedrørende leigeavtalen for Øyane Helsehamn:

Kan kommunedirektøren bekrefte at ved å plassere dei to privatpraktiserende legene på Øyane Helsehamn ikkje vil påverke husleiga?

Har utleier og Bømlo kommune som leietaker samme oppfatning av definisjonen om kommunale leger med hensyn til leieavtalens tekst og intensjon?  Det bør også være klart for partene for hvilke tilfeller klausulen om økt leie vil bli brukt.

Bakgrunn:

Sak SI 19/24 Spørsmål til Levekår 03.09.24 frå Frode Aasheim vedk. innleigde legevikarar:

I «Forslag til leigeavtale – Nytt legesenter på Svortland» vedlagt til kommunestyret i juni 2023, står det i § 10.1 «Førebels plan er at legekontoret berre har kommunalt tilsette lega.» I §10.2: «Privat drift for ein eller fleire legeheimlar på legekontoret, kan ikkje bli sett bort frå i framtida. Som del av leigeavtalen vil det derfor fastsettast ein justeringsforplikting for utleigar der leige til privatpraktiserande lege kan aukast med 25% eller tilsvarande aktuell MVA-sats.»  

Spørsmålet som vart stilt: Er innleigde legevikarer rekna som privatpraktiserande leger, eller kommunalt tilsett?

Svar frå administrasjonen: Når kommunen leiger inn vikarlegar gjennom firma for utleige, så driv ikkje desse privatpraksis. Dei driv for kommunen si rekning. Alle driftsutgifter vert betalt av kommunen (lønn til hjelpepersonell, husleige, mm). Alle inntekter går til kommunen ( basistilskot, eigendelar og refusjon Helfo) Vikarlegen blir enten løna av kommunen eller vi leiger vedkomande inn frå firma.