Stengte dører i demokratiets namn
Småparti holdes utanfor i Moster Amfi. Velferd og Innovasjonspartiet stilte til stortingsvalg både i 2017 og 2021 som »Helsepartiet», og 2. kandidat til Stortinget er frå Bømlo.

Stortinget
Foto: Sandro Kradolfer on Unsplash
Lesarbrev sendt til Bømlo-Nytt:
Velferd og Innovasjonspartiet stiller til val i 2025. VI er registrerte, VI har program, og VI har engasjement. Men nokre ting manglar, som t.d. får vi ikkje delta i valdebatten i Moster Amfi 14. juni.
Arrangementet marknadsførast som ei «valkampmobilisering» for "alle" parti i Sunnhordland. Likevel er det tydeleg at «alle» ikkje betyr alle. Små parti som vårt er ikkje inviterte til å delta i debattane – berre til å stå på stand i svalgangen. Det er som å bli bedne til fest, men nekta adgang til bordet.
Dette er ikkje berre ei forgløyming. Det er ei aktiv forskjellsbehandling. Når debattleiar og arrangørar vel kven som får snakke, vel dei også kven som får forme opinionen. Det er eit demokratisk problem!
Små parti bringer nye perspektiv, utfordrar etablerte "sanningar" og representerer veljarar som ikkje kjenner seg igjen i dei store partia sine løysingar. Å halde oss utanfor debatten er ikkje berre urettferdig – det er ei svekking av demokratiet!
VI krev ikkje spesialbehandling. VI krev lik behandling. Om Moster Amfi verkeleg ønskjer å vere ein arena for demokratisk mobilisering, må dei opne scena for alle som stiller til val – ikkje berre dei som allereie har makt.
La oss få snakke. La veljarane få høyre. La demokratiet få virke.
Jan Atle Haugland, leiar Velferd og Innovasjonspartiet Bømlo
Joar Nesse, gruppeleiar Velferd og Innovasjonspartiet Bømlo
Vil du ha ein Bømling på Stortinget må du stemme Velferd og Innovasjonspartiet!
#VIPartiet